Kva graving tek vi på oss?

Entreprenørservice AS utfører alt av arbeid med graving, sprenging, vatn og avløp for kommunale, statlege og fylkeskommunale etatar, samt private entreprenørar og byggherrar.
Vi har personal med godkjenning for å leggje alle typar røyr. Vi ordnar og med nødvendige søknadar for deg.

Drenering

Vi har dyktig fagpersonell som utfører drenering av grunnmur. På landsbasis blir der dessverre ofte gjort feil og manglar med slike prosjekt. Entreprenørservice AS garanterer deg ei god investering for framtida dersom du nyttar oss til å utføre ditt oppdrag. Vi har ein moderne utstyrspark og produkt og kan dermed levere kvalitet på kvart einaste prosjekt.
Vi kjem gjerne på synfaring for å utarbeide eit særskilt pristilbod for arbeid på din eigedom.

Vatn og avløp

Entreprenørservice AS har ADK sertifisering. Dette er sertifisering for anlegg, drift og kontroll. Dette gjer at vi har godkjenning til å legge både hovudledningar og stikkledningar for vatn og avløp i alle storleikar og alle tiltaksplassar. På alle våre oppdrag har minst ein i grøftelaget ADK sertifisering.
ADK sertifiseringa får man etter at man har fått godkjent eit grundig kurs om retningslinjene og særskilte anbefalingar for dette.

Vasslekkasje?

Vasslekkasje kan oppdagast blant anna ved at det kjem “sus” frå røyra, synleg vatn på bakken eller at vassrøyret bryt opp og skamer “flaum”. Samstundes blir som regel og vasstrykket i huset lågare og forsvinn av og til heilt. Det er typisk for ein vasslekkasje at med same du slår på vatnet så er trykket normalt, men så tapar det seg fort.
Vi kan stille raskt dersom du har hatt akutte problem, som stopp på avløpsnett eller lekkasje på vassledning.
Med vår lange erfaring har vi sett kor mykje kvart sekund tel i ein slik situasjon. I kontakt med vatn går verdiar raskt tapt og vi veit kor mykje det betyr for deg at vi raskt kan vere på plass for å avgrense skade.