Om oss

Om Entreprenørservice AS

Om oss

Entreprenørservice AS er ei større verksemd i Førde i Sogn og Fjordane som tilbyr ei rekke tenester innanfor anleggsarbeid. Selskapet har vakse raskt frå å ha ei omsetning i 2007 på om lag 25 millionar kroner, til over 80 millionar kroner i 2017.

Med ein stor maskinpark og tek selskapet oppdrag frå både små og store aktørar. For Entreprenørservice er ingen jobb for liten, og ingen jobb for stor. Thomas Østerbø er i dag ansvarleg for den daglege drifta. Han tok over for Freddy Ulltang som leia verksemda fram til 2013.

Historie

Entreprenørservice blei først etablert i 1998 av Freddy Ulltang og Andre Grov. Den gongen med namnet Sunnfjord Betongsaging AS. Det var i 2000 at namnet blei endra til Entreprenørservice AS.

Tidlegare hadde Entreprenørservice AS lokale på Øyrane i Førde. Etter kvart som åra gjekk, og arbeidsmengda auka vart behovet større og større for meir plass. I 2007 flytta selskapet inn i heilt nybygde lokale på Hornnes og driv verksemda herfrå i dag.

2019 © Copyright - Entreprenørservice AS - Levert av Erdal Solutions