Betongsaging & Kjerneboring

Med våre elektriske høgfrekvenssager så kan vi sage det meste av veggar og dekk i betong. Vi har og utstyr for kjerneboring i alle dimensjonar.

Om betongsaging

Med våre elektriske høgfrekvenssager så kan vi sage det meste av veggar og dekk i betong. Dersom materialet vi sager i er blautt, eller det er vanskelig å komme til, så nyttar vi handsager.

Entreprenørservice AS har betongsager for både vegg og golvsaging. Er tjukkleiken for stor, så nyttar vi wiresag. Dermed kan vi sage i alle storleikar. Typiske oppdrag er i samband med rehabiliteringsprosjekt innanfor skule, helsesektor, næringsmiddelindustri, burettslag, driftsbygg og privatbustadar.

Om kjerneboring

Kjerneboring er som namnet tilseier, utboring av ein kjerne med eit røyrforma bor. Inne i borerøyret vil det danne seg ei prøve på materialet det borast i, ei kjerneprøve. Metoden brukast ved geologiske undersøkingar så vel som å bore ut hol i golv, veggar og tak i forskjellige storleikar.

Vi utfører kjerneboring i alle typar mur og betongkonstruksjonar. Entreprenørservice AS har borekjernar i mange ulike dimensjonar. Med dette utstyret kan vi utføre alt frå enkle ventilopningar og gjennomgangar for røyk til større og meir krevjande oppdrag. Vi har og hydraulisk boreutstyr som vi borer sirkulære hol i armert betong med.