Mur og naturstein

Vi lagar murar i alle variantar. Alt frå små dekorative hagemurar til store støttemurar. Typiske oppdrag er praktiske avslutningar av skrånande tomt samt regulering av ulike platå på tomt og i hage.

Kva er naturstein?

Naturstein er stein som har blitt hogga/henta ut, for så å bli kutta og behandla til eit ferdig produkt utan endringar i materialet si naturlege samansetning. Produkt som har blitt delt i små partiklar, og deretter rekonstruert med sementbaserte eller harpiksbaserte bindestoff kvalifiserer ikkje til å kallast naturstein.

Naturstein kan ellers vere mykje – frå den mest eksklusive marmor, til skifer og “gråstein” i tørrmurar. Naturstein er det eldste byggematerialet vi kjenner til.

Variasjonar

Skifer er ei gruppe bargartar som kan spaltast til tynne plater langs naturlege sjikt i bergarten som kallast kløv. Mange av dei norske skifertypane er harde (kvartsrike) og slitesterke, og vi kallar dei kvartsskifer.
Andre viktige skifertypar inkluderer fyllitt, glimmerskifer og leirskifer.

Blokkstein eller massivstein er bergartar som må takast ut i store blokker for å deretter sagast eller splittast vidare opp til plater og emner. Vi deler blokkstein inn i harde steintypar som til dømes granitt, og mjuke steintypar som til dømes kalkstein.

Anna informasjon