Ta kontakt med oss for befaring og uforpliktende tilbod!

For Entreprenørservice er ingen jobb for liten, og ingen jobb for stor.

Nokre av våre tenester

Mur & Naturstein

Vi lagar murar i alle variantar. Alt frå små dekorative hagemurar til store støttemurar. Typiske oppdrag er praktiske avslutningar av skrånande tomt samt regulering av ulike platå på tomt og i hage.

Boring & Sprenging

Vi kan fjerne omtrent kva som helst som kunden vår ynskjer ved hjelp av sprenging. Typiske oppdrag vi tek på oss er sprenging av tomter, avgrøfter, under jord (kontursprenging) og sprenging i samband med bygging av veg.

Betongsaging & Kjerneboring

Med våre elektriske høgfrekvenssager så kan vi sage det meste av veggar og dekk i betong. Vi har og utstyr for kjerneboring i alle dimensjonar.

Graving & Avløp

Vi utfører alt av arbeid med graving, sprenging, vatn og avløp for kommunale, statlege og fylkeskommunale etatar, samt private entreprenørar og byggherrar. Vi har personal med godkjenning for å leggje alle typar røyr. Vi ordnar og med nødvendige søknadar for deg.

Riving & Miljøsanering

Vi driv med riving og miljøsanering av alle typar bygg og konstruksjonar. Vi har eit godt utval av maskiner og spesialutstyr for denne typen arbeid.

Landmåling

Vi kan utføre dei fleste landmålingstenester innan utsetting, innmåling og prosjektering. Vi tilbyr også AS-Built dokumentasjon, mengdeberekning og produksjon av 3D-maskinstyringsfiler.

Kvifor velje oss?

Allsidig maskinpark

Vi har og ein stor, allsidig og moderne maskinpark, tilpassa alle typar oppdrag, uavhengig av storleik.

Kvalifisert aktør

Vi kan ta ansvar for heile jobben – frå planering til ferdigstilling. Vi kan i dag vise til referanser på alt frå små jobbar – til store anleggsprosjekt over fleire år.

Lang erfaring

Våre tilsette har lang erfaring frå anleggsbransjen med solid kompetanse og kjenner dei lokale forholda godt.