Nokre av våre tjenester
Mur & Naturstein
Vi lagar murar i alle variantar. Alt frå små dekorative hagemurar til store støttemurar. Typiske oppdrag er praktiske avslutningar av skrånande tomt samt regulering av ulike platå på tomt og i hage.
Boring & Sprenging
Vi kan fjerne omtrent kva som helst som kunden vår ynskjer ved hjelp av sprenging. Typiske oppdrag vi tek på oss er sprenging av tomter, avgrøfter, under jord (kontursprenging) og sprenging i samband med bygging av veg.
Betongsaging & Kjerneboring
Med våre elektriske høgfrekvenssager så kan vi sage det meste av veggar og dekk i betong. Vi har og utstyr for kjerneboring i alle dimensjonar.
Graving & Avløp
Vi utfører alt av arbeid med graving, sprenging, vatn og avløp for kommunale, statlege og fylkeskommunale etatar, samt private entreprenørar og byggherrar. Vi har personal med godkjenning for å leggje alle typar røyr. Vi ordnar og med nødvendige søknadar for deg.
Riving & Miljøsanering
Vi driv med riving og miljøsanering av alle typar bygg og konstruksjonar. Vi har eit godt utval av maskiner og spesialutstyr for denne typen arbeid.
Landmåling
Vi kan utføre dei fleste landmålingstenester innan utsetting, innmåling og prosjektering. Vi tilbyr også AS-Built dokumentasjon, mengdeberekning og produksjon av 3D-maskinstyringsfiler.