Riving og miljøsanering
Vi driv med riving og miljøsanering av alle typar bygg og konstruksjonar. Vi har eit godt utval av maskiner og spesialutstyr for denne typen arbeid.
Vi har og solid kompetanse innanfor dette og du kan trygt kalle oss “din rivingsspesialist”. Etter riving blir avfallet sortert for levering til godkjent gjenvinningsanlegg.
Når det gjeld riving tenkjer dei fleste kanskje utvendig. Men vi har og kompetanse og utstyr til å utføre alle typar innvendig riving og stripping av bygg. Med vår utstyrspark for betongsaging og kjerneboring i betong kan vi effektiviserer vi dette arbeidet.
Tryggleik og miljø
Entreprenørservice AS startar alltid eit riveoppdrag med å kartleggje helse- og miljøfarlege stoff i bygg. Dermed kan vi fjerne desse før riving tek til og såleis sikre at stoffa ikkje forureinar miljø og rivemasser. Vi har og sjølvsagt sentral godkjenning for å drive med miljøsanering.
Ved bygging, rehabilitering og riving er vi ansvarleg for at alt bygg- og anleggsavfall blir disponert på lovlig måte. Vi kartlegg arbeidet og utgreier raport på kva typar farlege avfall som finst, kva mengde det er snakk om og kor i bygget dette finst.
Fjerning av avfall
Når ein rapport for avfallet ligg til grunn, utarbeidar vi ein saneringsbeskrivelse. Dette bidrar til at avfall blir fjerna på ein trygg måte før rehabilitering tek til. Eksempel på stoff som skal behandlast særskilt er lysrøyrarmatur, isolerglassvindauge, fugemasser, golvbelegg, kablar og så vidare. Dette er avfall som kan innehalde stoff som utgjer risiko både for menneske og miljø. Avfall som er definert som farleg avfall skal leverast til godkjent mottak.