Tun og hage

Vi kan hjelpe deg med både små og større jobbar i tun og hage, enten det er å fjerne ein stein eller større grunnarbeid. Sjølv om Entreprenørservice i dag har jobba seg opp til å bli ein stor aktør på vestlandet, så var det mindre jobbar i lokalområdet selskapet starta med. Dette er ein verdifull tradisjon vi ynskjer å behalde. Vi har i dag eit stort utval av utstyr. Dette gjer oss endå meir konkurransedyktige på pris – og på mindre jobbar.

Ingen jobb for liten – Ingen jobb for stor

Vi kan mellom anna hjelpe deg med:

  • Opparbeiding av tun
  • Grusing av tun og innkjørsel
  • Belegningsstein og kantstein
  • Mur og naturstein
  • Jord og fyllmasse til hage
  • Effektig drenering rundt hus og grunnmurar
  • Fjerning av kratt, busker og tre

Anna informasjon

Drenering

Med alt regnet vi har på vestlandet er det særleg viktig med god drenering for å få ståande og rennande vatn vekk frå konstruksjonar. Men god drenering er og grunnlaget for eit bra uteområde.

I dag har det komme nye reglar for handsaming og forsinking av overflatevatn. Vi innehar god kunnskap på dette området og er nøgne med å velje rett masse til oppbygging for å unngå setningar og telehiv.