MUR OG NATURSTEIN
BORING OG SPRENGING
BETONGSAGING OG KJERNEBORING
GRAVING OG AVLØP
RIVING OG MILJØSANERING
LANDMÅLING
TUN OG HAGE
SINGEL, PUKK OG GRUS
KREVJANDE OPPDRAG
Vilje til å skape verdiar for lokalsamfunnet
Bedrift bygd på lærlingar
Entreprenørservice har faktisk bygd opp heile si verksemd på lærlingar. Heilt sidan starten tilbake i år 2000 har over 50 personar teke fagbrev hos oss. Dei fleste jobbar hos oss framleis og snittalderen er difor ganske låg. Lærlingar er og vil forbli eit viktig satsingsområde og på det jamne har vi omlag seks-sju lærlingar i sving.
Sjølv om det i dag er strenge krav om lærlingar i offentlege kontrakter, så er det og positivt for drifta vår fordi vi opplev stor fordel av å ha lært dei opp sjølv heilt frå starten. I tillegg er det alltid kjekt å få inn ein ny lærling og vi får sjansen til å inspirere unge til å satse på denne næringa.
Samfunnsansvar og miljøprofil
Som lokal leverandør i lokalmiljøet er vi svært bevisst vårt ansvar for samfunn og miljø. Veksten vi har hatt dei siste åra har gitt oss gode moglegheiter til å utvikle oss vidare – men det har og skapt ei større kjensle av ansvar då vi ynskjer å vere ein god rollemodell for andre – så vel som å avgrense skade på lokalmiljøet.
Vi har i ei årrekke hatt gode miljørutinar både for innkjøp, transport og ikkje minst avfall for å overhalde dei lover og forskrifter som til kvar tid er gjeldande. Dette er eit absolutt minimum. Vi ynskjer likevel å gjere meir enn dette og har difor utbetra eigne interne miljørutinar og system for kvalitetsstyring. I 2021 vart vi og sertifisert etter ISO 9001 og ISO 14001 for kvalitet og miljøsikring.
Vi trur at det er fullt mogleg å drive bærekraftig utan at det kostar meir.
Vi i Entreprenørservice har vore heldige og hatt god vekst i selskapet dei siste åra. Samtidig opplev vi og ein stor grad av tillit i lokalsamfunnet. Dette meiner vi er ein av våre viktigaste ressursar. Vi ynskjer difor å kunne bidra mest mogleg tilbake til lokalsamfunnet, der vi i Entreprenørservice har våre røter. Dette gjer vi mellom anna ved å støtte lag, foreningar, ildsjelar og gode tiltak i lokalmiljøet.
Sjølv om vi dei siste åra har hatt store oppdrag knytt til andre delar av landet, så er våre viktigaste oppdrag dei vi utfører i vår eiga bygd. Vi meinar at eit gjensidig samarbeid mellom entreprenør og kundar lokalt, bidrar til samfunnsutviklinga.
Saman bygger vi opp bygdene, og det er noko vil vil halde fram med i framtida.